mandag 10. mars 2025

Om innvandrere fra Elfenbenskysten - "Betalt for å stå" (2025)

©Camino forlag 2025 
Romanen Betalt for å stå er ein satirisk roman om postkolonialismen og forbrukarsamfunnet sett frå perspektivet til tre generasjonar papirlause innvandrarar frå Elfenbeinskysten som jobbar som vektarar - Ferdinand, Ossiri og Kassoum -  i Paris frå 1960-tallet og litt innpå 2010-talet.

1960-1980: Ferdinand kjem fra Elfenbeinskysten til Paris, klar for å ta verda med storm og gjere det stort i Europa.
1990-talet: I gullalderen for innvandring til Frankrike kjem dei papirlause ivorianske studentane Ossiri og Kassoum til Paris. I den tida pågår det store politiske og samfunnsmessige endringar i metropolen.
2000-talet: I Sephorabutikken* på Champs-Élysées observerer ein ivoriansk vektar vanane til kundane som strøymer til denne høgborga for kapitalisme og forbruk.

Romanen er både hysterisk morosam og djupt alvorleg, med skarpe observasjonar frå vektarane som, dag ut og dag inn, står rett opp og ned og dokumenterer kjøpsvanar, kroppsspråk og ikkje minst den kulturelle identiteten til kundane frå fjern og nær som ein vektar er sett til å halde auge med.

Boka er ein ellevill ordfest med sosial og politisk brodd som gir eit unikt innblikk i konsekvensane av koloniseringa i vestlege forbrukarsamfunn.

Boka er omsett frå fransk av Tove Bakke. Omslagsdesign ved Studio Holberg.

*Sephora er ein fransk parfymerikjede med pressa priser og stort utval. Eit "overflødighetshorn" anno vår tid

Vil du låne boka? Kontakt Mangfolds- og migrasjonsbiblioteket

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar