onsdag 29. oktober 2014

Pathways to integration: cross-cultural adaptions to the housing market in Oslo (2014)

Av: Susanne Søholt
I: Journal of Ethnic and Migration Studies vol 40, nr 10/2014

Artikkelen utforskar korleis hushald med ulike landbakgrunnar (pakistansk, tamilsk og somalisk) tilpassar seg og handterer bustadmarknaden i eit nytt land. For å illustrere og analysere dette, utviklar Søholt ein typologi av ulike tverrkulturelle tilpassingar til bustadmarknaden. Samspelet mellom individuelle ambisjonar og handlingar, kulturell tilhøyrsle og den spesifikke lokale konteksten viser at det er mange måtar å handtere og tilpasse seg bustadmarknaden på.

I følgje Søholt, er truleg ressursane og handlingane til dei enkelte hushalda enda viktigare i Noreg som har ein marknadsdominert bustadpolitikk enn i land som har ein større prosentdel kommunale bustader. Kunnskap om ulike grupper sine tilpassingar og opplevde avgrensingar og moglegheiter er dermed viktig for å kunne fremje ein politikk som støttar innvandrarar med ulike ressursar i å finne tilfredsstillande bustader. 

Du kan laste ned artikkelen her (avgrensa tilgang) eller kontakte biblioteket. 

Om forfattaren

Susanne Søholt (f. 1952) har gjennom fleire tiår forska på migrasjon, etniske minoritetar og bustadmarkaden. No arbeider ho med spørsmål om korleis innvandring påverkar distrikts-Noreg og kva distrikts-Noreg betyr for innvandrerbefolkninga. Hennar fokus har mellom anna vore på endringsprosessar i nabolag, organisasjonar og offentlege teneste som følge av innvandring og utvikling av eit multietnisk og fleirkulturelt samfunn. Les meir om forfattaren her.

Susanne Søholt



Se liste over Søholts publikasjoner som kan lånes via biblioteket.

Om tidsskriftet

Journal of Ethnic and Migration Studies publiserer resultater av forskning migrasjon, etnisk konflikt, diskriminering, rasisme, nasjonalisme, statsborgerskap og politikk for integrering.
Tidsskriftet fokuserer på komparativ forskning, for eksempel innen Europa eller mellom eit eller fleire europeiske land og landene i Nord-Amerika og Asia.


Les også artikkelen til NOVA-forskar Kristin Aarland: "Hvor skal de fattige bo?"









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar