Av: Alexander Betts (red.)
På stadig fleire område oppstår internasjonale reglar og reguleringsregime, men på migrasjonsfeltet er det ikkje slik. Med unntak av på flyktningfeltet fins ikkje mellomstatlege reglar for migrasjon, eller institusjonar som styrer feltet. I staden er migrasjonsfeltet eit villniss av snevre rettigheitskonvensjonar som få land ratifiserer, dialogarenaer, bilaterale avtalar og regionale samarbeid. Kvifor er det slik?
Alexander Betts og hans medforfattarar viser i denne boka korleis ulike former for migrasjon har forskjellige dynamikkar, med ulik fordeling av goder og byrder mellom avsender- og mottakarland. Boka gir eit godt overblikk over migrasjonfeltet i heile sin breidde, frå pensjonistar som flyttar Spania via menneskehandel til migrasjon av høgkvalifisert arbeidskraft. Avslutningsvis teiknar Betts opp eit bilde av korleis dei internasjonale rammene for migrasjonsfeltet kan sjå ut i framtida.
”Global Migration Governance” er ei velskreven og god bok som bør fenge både dei som vil forstå migrasjon i eit globalt perspektiv og dei som vil vite meir om internasjonal retts- og institusjonsutvikling på delar av feltet. Boka er også ein god analyse av internasjonal politikkutvikling generelt, med migrasjonsfeltet som case.
Omtalen er skrevet av: Nils Olav Refsdal (UDI)
Lån boken her!